I 2019-budsjettet foreslår regjeringa å bruke meir enn 9,7 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon. Inkludert i denne summen er Skattefunn-ordninga (som gjer bedrifter som driv med forsking og utvikling skattefrådrag), og skatteinsentivordninga som gjer skattefrådrag ved langsiktige investeringar i oppstartsselskap (Kapitalfunn).

- Om ingen skapar verdiar, kan vi heller ikkje finansiere velferda vår eller halde på arbeidsplassane våre. Nettopp derfor er regjeringa så oppteken av å auke løyvingane til næringsretta forsking og innovasjon, slik at bedriftene våre kan utvikle nye varer, tenester og løysingar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

- Vi har dobla satsinga på forsking og innovasjon i næringslivet sidan vi gikk i regjering i 2013. Det er 4,9 milliardar kroner meir enn for fem år sidan, og er ei historisk satsing, som vil bidra til eit grønare, smartare og meir nyskapande næringsliv, seier næringsministeren.

- Over 3 milliardar kroner av aukinga kjem som følgje av ein auka bruk av Skattefunn-ordninga blant norske bedrifter.